Kvinner kjempar seg fram i Pakistan

NYNORSK: Pakistan er dårleg på likestilling, viser granskingar. No skal millionar av kvinner stemme - forhåpentlegvis.

– Det er imot islam å stemme på kvinnelege politikarar, seier Haroon Sultan. Politikaren i Pakistan meiner at kvinner heller ikkje burde få røyste i val.

Pakistan er eit dårleg land for kvinner. Det viser fleire internasjonale undersøkingar, blant anna frå Verdas økonomiske forum. Dei såg på tema som helse, utdanning og politisk påverknad. Vald og overgrep mot kvinner er i tillegg eit stort problem i det asiatiske landet.

Noko er likevel i ferd med å skje. Nye reglar skal sikre at kvinner får plass i nasjonalforsamlinga. Om eit val ikkje får nok stemmer frå kvinner, kan det reknast som ugyldig.

Onsdag vel pakistanarane ny nasjonalforsamling. To parti gjer det best på målingane. Både PTI og PML-N kjempar om veljarane. Partiet PML-N har styrt fram til no. Dei lovar å hjelpe både kvinner og fattige.

Over 100 millionar pakistanarar står på lista over dei som kan stemme. Det er likevel 12 millionar fleire menn på denne lista enn kvinner. Kor mange kvinner kjem faktisk til å stemme? Det vil valet gje svar på.

– Eg trur at dei fleste kvinnnene kjem til å stemme, seier Karin Ask til Klar Tale. Ho er ekspert på Pakistan og jobbar ved Chr. Michelsens Institutt. Men kvinnene møter fleire hindringar enn menn. Millionar av kvinner manglar eit viklig ID-kort. Dette må dei ha for å stemme, ifølge Ask. Det kallast eit nasjonalt elektronisk identitets-kort. Ei anna hindring er at kvinner blir stoppa i å stemme av familien og lokalsamfunn, seier eksperten.

Kvinner fekk stemmerett i Pakistan i 1956. Men dei er blitt nekta å stemme likevel i nokre område. Det skjedde både i 2008 og i 2013. Fleire parti og andre mektige personar laga avtaler om å stenge kvinner ute. Dette får dei ikkje lov til lenger, ifølge avisa Daily Times.

– Menn har for mykje makt i Pakistan. Kulturen er maskulin, seier aktivisten Haseeb Khawaja. Han nemner også religiøs ekstremisme som eit problem. Desse årsakene gjer det vanskeleg for kvinner å bli ein del av politikken i landet, meiner han.

Mange kvinner valde å bruke stemmeretten sin i mars. Då var det val i eit distrikt nord i Pakistan. Der skulle det veljast ny lokal regjering. Valet var eigentleg i 2017, men det blei ikkje godteke av styresmaktene. Årsaka var at ingen kvinner røysta.

– Pakistan må gjere endå meir for å få kvinner til å stemme. Pakistan kan ikkje bli eit moderne demokrati utan kvinnene. Det må styresmaktene og partia forstå, seier organisasjonen Human Rights Watch.

8. mars marsjerte kvinner i byen Karachi. Det er den største byen i Pakistan. Dei ville ha likestilling og rettar. Forfattaren Bina Shah skildrar marsjen som heilt unik. Den ga kvinner sjølvtillit.
– Kvinner blir framleis diskriminerte. Men no kjem det ein revolusjon til Pakistan. Den er for kvinnene, skriv ho i eit innlegg på medienettstaden npr.org.

Pakistan blei sjølvstendig i 1947. Landet høyrde lenge til eit stort område styrt av Storbritannia. I dag bur det nær 200 millionar menneske i Pakistan. Dei aller fleste er muslimar. Landet er delt inn i fire provinsar.

Pakistan slit med politisk uro. Landet har ikkje klart å bygge ein solid økonomi, ifølge Dei sameinte nasjonane (FN).
– Fattigdom er eit stort problem i Pakistan. Mange kan heller ikkje lese og skrive, seier Elisabeth Eide til Klar Tale. Ho har skrive ei bok om Pakistan saman med mannen Terje Skaufjord.

Brot på menneskerettar er noko landet blir kritisert for. Eide er lei seg for at aktivisten Asma Jehangir er død. Ho kjempa for menneskerettar og kvinner. Jehangir døydde i februar.
– Det er eit stort tap for Pakistan, seier Eide.

Men det er fleire kvinner som kjempar. I 2012 blei Malala Yousafzai skoten av gruppa Taliban på skulebussen. Dei ville ikkje at jenter i Pakistan skulle få gå på skule. Malala Yousafzai overlevde og kjempar i dag for jenter og utdanning. Ho vann Nobels fredspris i 2014 berre 17 år gammal.

Andre kjelder: urdupoint.com, Daily Times, Dawn, VG, Human Rights Watch, National Public Radio, Norad, FN, Store norske leksikon