Sør-Afrika blei rikt på gull og glitter

NYNORSK: 15 år gamle Erasmus fann ein stein heime på garden. Han ante ikkje kva den kom til å bety for Sør-Afrika.

Det var varmt i lufta og aude. Ein ung gut leika med steinar på ein gard midt i Sør-Afrika. Guten fann ein spesiell stein. Den var gul i fargen, og han kunne sjå gjennom den.

I dag er både Erasmus og steinen berømte. Diamanten Eureka starta jakta etter verdifulle edelsteinar i 1867.

– Gull og diamantar er viktige for Sør-Afrika sin økonomi. Men landet er også rikt på andre råstoff, som platina, seier Marianne Millstein til Klar Tale. Ho er forskar og ekspert på Sør-Afrika.
Forskaren nemner også landbruk, turisme og industri som viktige næringar.

Sør-Afrika er blant dei mest utvikla landa i Afrika. Landet sel diamantar, gull og andre råstoff til heile verda. Men rikdommen er ikkje rettferdig fordelt.
Det er store skilnadar mellom dei fattige og dei rike. Nokre bur i flotte hus, andre bur i slum. Nesten éin av tre personar i landet har ikkje jobb.

Kampen om verdiane har vore vond og valdeleg.

Har du lyst å lese om USA? Her er første artikkel i serien Verdens land (bokmål).

Europearane oppdaga Sør-Afrika for fleire hundre år sidan. Seinare gjorde diamantar og gull landet endå meir interessant.

Den første europearen kom til Sør-Afrika i 1488. Sjøfararen Bartholomeu Diaz frå Portugal segla rundt sørspissen av Afrika. Han dreiv handel med dei som budde der.

Folk frå Nederland let seg freiste. I det nye landet kunne dei dyrke mat i jorda og selje den. I dag blir borna til desse kvite innvandrarane kalla afrikaanarar. Dei har også anar frå tyskarar og franskmenn.

Britane følgde etter til Sør-Afrika. Dei tok land frå nederlendarane. Etter britane kom det endå fleire frå Europa til det afrikanske landet. Britane ville etter kvart sikre seg verdiane landet hadde.

Den vesle guten sin Eureka-diamant var åleine verd 500.000 kroner i London i Storbritannia, ifølge nettstaden historienet.no. Det blei rekna som mykje pengar på den tida.

Dei innfødde afrikanarane protesterte mot europearane, men det nytta ikkje. Afrikanarane blei drepne eller tekne til slavar. Europearane blei for sterke.

Det var fleire krigar mellom britane og dei innfødde afrikanarane. Det kom stadig fleire menneske frå Europa til Sør-Afrika. Britane kriga også mot dei kvite menneska frå Nederland.

Mange vil hugse Sør-Afrika for apartheid. Dette spesielle styret varte frå 1948 til 1994. Etniske grupper blei skilde frå kvarandre. Dette skjedde etter at dei kvite afrikaanarane tok makta i landet.

Dei innfødde afrikanarane blei rekna som mindre verde enn dei kvite. Dei fekk minst jord og minst av rikdommen i landet. Det er framleis store skildadar, sjølv om apartheid er slutt. Sør-Afrika slit med kriminalitet, rasisme og vald, ifølge forskar Millstein.

Verda protesterte kraftig mot det urettferdige systemet. Protestane påverka næringslivet i landet.
Andre land slutta å handle med Sør-Afrika. Nokre selskap braut reglane og handla likevel.

– Etterkvart blei styresmaktene pressa. Apartheid blei dyrt og mista støtte blant sine eigne. Dette var nok med på å avslutte denne politikken, sier ho.

I 1994 blei Nelson Mandela den første svarte presidenten i landet. Han hadde kjempa hardt mot apartheid. Mandela sat i fengsel for motstanden sin i 27 år. Han døydde i 2013.

Gull og edelsteinar er framleis er viktige. Likevel har gruveindustrien trøbbel. Gruvene blir djupare og eldre. Det er både dyrt og farleg å hente ut gullet. Det er fattige arbeidarar som gjer jobben, ifølge Millstein.
– Gruvene tener ikkje nok pengar, seier ho.

Sør-Afrika har fått ny leiar. Cyril Ramaphosa er blitt ny president. Jacob Zuma blei pressa til å slutte etter fleire skandalar. Det er venta at Ramaphosa skal gjere økonomien betre. Han skal kjempe mot at folk med makt tar imot pengar ulovleg.
– Takk for denne fantastiske sjansen. Eg skal gjere mitt beste for ikkje å svikte dykk, sa Ramaphosa.

Andre kjelder: NTB, Store norske leksikon, Cape Town Diamond Museum, FN, TV 2, VG