MITT ORD:

Savner svevende søvn

Aina Basso er 40 år gammel. Hun er forfatter og aktuell med romanen «Ungen». Basso skriver på nynorsk.

– Hva er ditt favorittord?

– Som forfattar har eg mange, og dei skiftar. Men «svevn» er eit ord eg har likt veldig godt i mange år. Det er eit litt gammalmodig nynorsk ord for søvn. Det bruker eg i alle bøkene mine. Sjølv om det også er lov å skrive søvn på nynorsk.

– Hvorfor liker du dette ordet så godt?

– Eg trur det har med det å sveve å gjere. At i ordet «svevn» er det å sove også det å sveve. Og er ikkje søvnen, eller svevnen, nettopp slik? Litt som å sveve, utan tyngd, ein stad vi ikkje veit kor er?

– Hvilket ord liker du ikke?

– «Kreft». Det er eit fælt ord og ein fæl sjukdom altfor mange får. Eg håper forskarane finn ein kur for kreft, ein gong i framtida!

– Hva er et typisk forfatter-ord?

– «Deadline», som er eit dårleg ord. Vi burde heller sagt «leveringsfrist» eller til nauds «dødlinje». Men vi bruker det engelske «deadline». Og ein forfattar har ofte mange deadliner før ei bok er ferdig.

– Hvilket ord bruker du ofte?

– «Trøytt». Eg er stort sett alltid trøytt. Eg er mor til ei jente på litt over eitt år. Eg har ikkje sove ei heil natt sidan tre månader før ho blei fødd.

– Hvilket ord beskriver deg best?

– Å skildre seg sjølv med berre eitt ord er nesten umogeleg. Ein føler jo at ein er meir enn berre eitt ord. Men akkurat no er kanskje det ordet «trøytt». Ein trøytt type. Men glad!

Her kan du lese flere artikler i spalten Mitt ord.

Siste utgave

På forsiden nå