Frå éin familie forsvann fire brør
Fire norske gutar blei sendt ut av Norge av foreldra. Grovt fridomstap, seier politiet om dei to som blei dumpa i Somalia. Ei tekstmelding snudde alt. Ein av sønene sit i fengsel i Norge.
Fire brør blei sende ut av landet av foreldra sine. Tre av dei er framleis ikkje tilbake i Norge.
Erlend Berge
I ein
kommune, ein stad i Norge levde dei, brørne som budde i eit heilt vanleg hus,
gjekk på heilt vanlege skular, gjorde som gutar flest, spelte fotball, gjekk på
ski.
No bur det
andre i det vanlege huset. Andre spar gardsplassen tom for snø.
Vårt Land
rullar sakte forbi, ser at andre lever livet i huset som lenge var fylt av
familien som no lever spreidd.