Det mystiske urfolket i Guatemala

NYNORSK: Mayafolket oppdaga sjokolade, gummi og talet null. I dag er dei berre fattige.

– Eg fekk tårer i auga, vedgår professor Stephen Houston til kanalen BBC. Så glad blei han då forskarar gjorde eit stort funn tidlegare i år. Dei oppdaga hus, vegar og palass som høyrde til mayafolket. Alt saman låg skjult under jungelen nord i Guatemala.

Arkeologar grev framleis fram restar etter mayaene. Vi kan sjå ruinar og høge tempel fleire stader i Guatamala. Kven var desse folka? Kva skjedde med dei? Mykje er framleis eit mysterium. Men noko veit vi.

Mayafolket budde i Mellom-Amerika. Dei starta samfunna sine for om lag 3.500 år sidan, kanskje endå tidligare. Dei blei etterkvart eit mektig folk. Mayaene var lure oppfinnarar. Dei drakk flytande sjokolade før oss andre. Dei spelte ballspel. Dei fann ut kva talet null betydde heilt sjølve.

Dei laga også ting av gummi. Mayafolket hadde i tillegg sin eigen kalender. Denne kalenderen blei spesielt kjend. Folk trudde at verda kom til å forsvinne 21. desember i 2012. Det sa kalenderen til mayaene. Det skjedde sjølvsagt ikkje. Men folk budde seg på katastrofe likevel.

Rundt år 900 slutta mayaene å bygge ting. Byane blei tomme. Mayafolket var i ferd med å forsvinne. Dei fekk problem med jordbruket sitt. Klimaet endra seg, meiner forskarar. Krigar og sjukdommar kan vere andre årsaker til at det blei færre mayafolk. Men mayaene vart aldri heilt borte. Heller ikkje etter at spanjolane kom til Amerika på 1400- og 1500-talet.

I dag bur mange av mayaene i Guatemala. Dei er etterkomarar av det mektige folket. Om lag halvparten av folk i landet er maya. Men dei får ikkje være med på å bestemme. Dei får ikkje sin del av rikdommen i landet.

Mayafolket har vore undertrykte sidan spanske erobrarar kom. Problemet er framleis stort. – Det er store skilnader mellom dei fattige og dei rike, seier Karin Dyrstad til Klar Tale. Ho jobbar ved universitetet NTNU og har forska på landet.

Mayafolket er urfolk i Guatemala. Urfolka blir utsette for rasisme og vald. Dei kan rekne med å leve kortare enn dei andre i landet. – Vi blir diskriminerte. Det er fordi vi er fattige og vi er urfolk, seier Victoria Cumes Jochola. Ho jobbar i organisasjonen Vår stemme. Kvinner har det aller verst, melder nyhendebyrået Reuters.

Guatemala er rikt på kultur og historie. Landet har ein mektig natur med vulkanar og regnskog. Guatemala likar å vise fram kulturen til mayaene, ifølge Dyrstad. Mayafolket lagar fargerike klede. Kulturen deira lokkar turistar til landet. Likevel blir mayaene behandla dårleg. – Eg snakka med ei mayakvinne i Guatemala. Ho fortalde at dei kunne bli stoppa ved inngangen til offentlege bygningar. Berre fordi dei var maya, seier Dyrstad.

Har du lyst til å lese meir om landa i verda? Det kan du gjere her.

I 1960 starta borgarkrigen i Guatemala. Den varte i 36 år. Fleire grupper med våpen kjempa mot styresmaktene. Dei kravde sosiale rettar og ei meir rettferdig fordeling av land. Hæren i Guatemala svarte med å brenne landsbyar, ifølge Guatemala-eksperten.

Soldatane straffa vanlege folk som hjelpte opprørarar. Mayafolk leid under krigen. Mange av landsbyane deira blei øydelagde. 200.000 menneske blei drepne. Dei fleste var urfolk.

Folk kjempar framleis for rettferd etter borgarkrigen. Men det tek tid. Staten i Guatemala blei skulda for grove overgrep mot folk, seier Dyrstad. Mange har ikkje blitt straffa for at dei drap, torturerte og valdtok.

Guatemala slit med kriminalitet og gjengar. Det har dei gjort sidan borgarkrigen. Makta til politikarar og dommarar kan kjøpast for pengar. Det går likevel betre med økonomien no enn før. Guatemala er ein stor økonomi i Mellom-Amerika. Det bur om lag 17 millionar personar i landet.

Andre kjelder: BBC, Forskning.no, Historieonthenet.com, Store norske leksikon, cja.org, FN, interestingengineering.com