Dine innstillinger

Bakgrunnsfarge

Tekst-type

Tekst-størrelse

Forklar ord med symboler

Vise bilder

Som abonnent på Klar Tale får du:

Läs mer
Artikkel Side

Irane endrar landet sitt

NYNORSK: Først lét dei par av same kjønn gifte seg. No kan irane endre loven som forbyr abort. Og det er folket som avgjer.

For nesten tre år sidan vakna irane opp til eit nytt land. Med jubel og gledestårer feira dei at det irske folket hadde endra loven. Heilt fram til 1993 var homofili ulovleg i Irland. No hadde irane avgjort at homofile skulle få gifte seg. Dei vart det første landet som innførte retten ved ei folkerøysting. 
– Det er eit stort steg framover i å gjere Irland meir moderne, sa David Farrell den gongen. Det skriv nyhendebyrået NTB. Han er professor i statsvitskap ved University College Dublin.
I dag har irane til og med ein homofil statsminister. Men på eitt, viktig punkt er landet eit av dei mest gammaldagse i verda: retten til sjølvbestemt abort. 
 

Kvar dag set 12 kvinner frå Irland seg på fly eller ferje til utlandet. Ikkje for å reise på ferie. Dei er tvinga ut av landet for å kunne ta abort. 
Babyen i magen har same rett på liv som mora, ifølge irsk lov. Landet har ein eigen artikkel i grunnlova. Der står det at abort berre er lov viss det er stor fare for livet til mor. 
– Den katolske kyrkja er veldig sterk i Irland. Den har bestemt mykje i samfunnet, seier Jan Erik Mustad til Klar Tale. Han er ekspert på Irland og jobbar ved Universitetet i Agder. 
Dei siste åra har industrien vorte viktigare i landet. Men lenge dreiv irane først og fremst med landbruk, fortel Mustad. 
– Irland var eit fattig jordbruks-samfunn. Dei vart undertrykte av britane. Det gjorde at samfunnet ikkje endra seg. Det har ført til at religionen fekk vekse og blei tatt vare på, forklarer han. 
Prestane blei sende til skulane for å undervise i religion. Berre dei siste åra har lærarane fått ta over faget, seier Mustad. 
 

Men no er mange irar klare for å gjere landet meir moderne. Statsminister Leo Varadkar er éin av dei. Han meiner loven er gammaldags. Han ønsker å fjerne forbodet mot abort.
Fredag arrangerer dei difor ei folkerøysting i landet. Folket skal få seie om dei vil fjerne artikkelen i loven som forbyr abort. 
– Det har vore veldig mye kjensler i debatten om dette. Dei unge er for fri abort. Dei eldre, kristne er imot. I byane er folk stort sett for, medan landsbyane heng igjen, seier Mustad. 
Dei fleste kvinner ønsker òg å endre loven, ifølge Mustad. 
– Irske kvinner er stort sett som alle andre europeiske og vestlege kvinner, seier han. 
Difor har fleire tusen av dei kvart år òg behov for å ta abort. Dei som har råd, kan betale for reise til ein utanlandsk klinikk. 
 

Ein kampanje har samla inn historier frå irske kvinner. Dei fortel om følgene loven får for dei. Mange av kvinnene har måtta reise heilt åleine til abortklinikkar i Storbritannia. Der fekk dei fosteret fjerna. 
Nokre drog heim igjen allereie same dag. Neste dag drog dei på jobb eller skule. Dei leid seg igjennom krampar og blødingar. Men kvinnene lét som om ikkje noko hadde skjedd. 
– Nokre veker seinare blødde eg framleis. Kven kunne eg spørje? Eg kunne ikkje seie det til fastlegen min. Då ville det stå i legejournalen min at eg hadde teke abort, fortel ei av kvinnene. 
Ho vart til slutt innlagd på sjukehus. Ho hadde fått ein infeksjon etter aborten. Den strenge loven hadde gjort at ho ikkje torde å søke hjelp i tide. 
 

Ikkje alle har høve til å dra til utlandet for å ta abort. Dei med lite pengar eller unge som ikkje får støtte heimefrå, må finne andre løysingar. Det må òg asylsøkarar som ikkje kan reise ut av landet.
Éi løysing er å kjøpe abortpiller på nett. Organisasjonen Women on Web sender abortpiller til kvinner i land som forbyr abort. Men kvinnene risikerer opptil 14 års fengsel viss dei gjennomfører aborten i Irland. Dei ti siste åra har politiet teke over 6.000 slike piller, ifølge den irske avisa The Journal.

 

Last ned og les artikkelen eller løs oppgaven:

Verdens land er helt gratis. Abonnér på nyhetsbrev og få beskjed når en ny artikkel er ute.